Velkomen til Tippa 11, Kaspelbruket.
Eit spennande gardsbruk beståande av både triveleg bustadhus, fjøs/driftsbygning, uthus, kvernhus, seterhus(sel) og nausttomt i naturskjønne omgjevnadar på Haugland. Her kan du finne roen og realisere draumen om eit gardsbruk, med fine tur- og friluftsområder både ved fjord og fjell i umiddelbar nærheit. Ved fjorden har ein privat strandlinje på ca. 50 m - her kan ein verkeleg nyte båtliv, bading, jonsokfeiring og solskinsdagar saman med venner og familie !
Kaspelbruket har ei lang historie som strekkjer seg tilbake til tidlig 1700-talet (sjå oversikt over tidligare eigarar). Utforsk vår nettside for å lære mer om dette historiske småbruket og mulighetene det har å tilby.
Eigedomen er konsesjonspliktig landbrukseigedom og består av 11 teigar på totalt 185 dekar fordelt på 38,6 dekar dyrka mark, 2,1 dekar innmarksbeite, 84,6 dekar produktiv skog og 5,8 dekar bebygd areal. Resten av gardsbrukets areal er klassifisert som annet markslag og ikkje klassifisert. Eigedomen er i tillegg del av uregistrert sameige på 7.181,6 dekar.
Mesteparten av det dyrka arealet ligg i tlknyting til våningshuset mot Tippamyrane og mot sjø, Eidsfjorden. Arealet mot sjø vart i tidlegare tider nytta til dyrking av korn. Seinare til dyrking av frukt, grønsaker og bær. I mange år var dyrking og sal av frukt, grønsaker og bær (jordbær, bringebær, rips og solbær) ein viktig del av gardsbrukets inntekt. I dag er området mot sjø i hovudsak nytta til beiting.
I tillegg har gardsbruket fiskerett i sjø og i elva Hjalma. Gardsbruket er del av felles jaktvald med jaktrett på fugl og f.eks. hjort (27 dyr i 2024).
På gardsbruket finnes det fleire areal der det er mulig å utvikle attraktive bustad- og hyttetomter. Utvikling av areala er søknadspliktige tiltak og må godkjennast av kommunen.
Bustadhuset er meir enn 100 år gammalt. Bustadhuset var tidlegare bygd nord/syd og seinare snudd aust/vest.
Huset er modernisert fleire ganger m.a. etterisolering og skifte av vindusruter, installert to varmepumper og fiber.Areal bustadhus m2 - oppmålt ved takst eigedomskatt 2019.
· Kjelleretasje 78
· Hovedetasje 1 112
· Hovedetasje 2 74
Bustadhuset inneheld:
Hovedetasje1 : Stove, spisestove, soverom, kjøkken med utgang til terrasse, bad, lager/vaskerom, gang og vindfang (bislag).
Hovedetasje2 : 3 soverom, bad, bod med tilkomst til mørkeloft, og 3 skrårom/skråkott.
Kjelleretasje : Potetkjeller, Midtkjeller, Utkjeller med direkte innvendig trapp til hovedetasje.
Seterhuset på Tippasætra ligg ca. 6 km frå hovedhuset på garden og i nærleiken av Harpefossen Skisenter.
Her kan ein virkelig slappe av til fosseduren frå Kvanndalselva og i selskap av "folkekjære" dyr.
På sætra er det oppført eit seterhus/sel som var mykje brukt tidligare når dyra var på beite på Tippasetra og og Hjelmelandsdalen. I dag vert seterhusa på Tippasetra brukt som fritidshus med enklare standard.
Frå lang tid tilbake har det vore vanleg å sende dyra på fjellbeite deler av sommaren. Etter kvart bygde ein hus til folk og fe, og setrane vaks fram.
Byggemåten på setrane har endra seg overtid. Dei eldste sela var små og heller primitive. Husa på setrane var mindre forseggjorte og laga av simplare materiale enn husa heime. Standarden blei betre etterkvart som folk fekk betre råd. Gamle fjøs og sel hadde ikkje tregolv, men frå 1900-talet vart det vanleg med tregolv. Taktekkinga var torv til innpå 1900-talet der andre byggematerialer tok over. Dei siste åra er torvtaka tilbake for fullt.
Dei fleste husa på Tippasætra i Hjelmelandsdalen er bygd på 1800– talet.
Selet på garden vart truleg bygt før 1850 og modernisert fleire gonger fram til i dag.I områda rundt Tippasetra er det store beiteområder som i dag vert nytta av aktive gardbrukarar.
Gardsbruket ligg i gangavstand til barnehage, barneskule og idrettsanlegg på Haugen og avstanden til Harpefossen skisenter er ca. 6 km. Avstanden til kommunesenteret i Stad kommune, Nordfjordeid med fem dagligvarebutikker, kjøpesenter, to apotek, lokalsykehus, m.m. er ca. 5 km.
Til Sandane lufthavn er det 18,3 km med eigen bil eller flytaxi og til Måløy med hurtigbåt til Bergen er det 48,8 km med eigen bil eller buss. Til Oslo Gardermoen / Oslo går det ekspressbuss to ganger i døgnet heile året.
Klikk på bildene for meir informasjon om gnr./bnr. 38/7, Kaspelbruket
Areal
Klikk her for meir informasjon om gardsbrukets arealer.
Bygninger
Gardsbruket har seks bygninger, bustadhus, fjøs/driftsbygning, uthus, kvernhus, seterhus og en garasje (dårlig stand). For meir informasjon om gardsbrukets bygninger
Eiere
Tidlegere eiere av Kasdpelbruket
Tomteareal
Klikk her for meir informasjon om mulige bustad- og hyttearealer.
